Visst ja....så.......ja.........så............hjelper det ikke med det jeg vil finne på :p
nå skal vi vise misteren at han virkelig kan velge og vrake!
Kom igjen jenter!
Any takers???
Tenk om alle dagar var som denne.. Det hadde vore saker.
Eg vakna frisk og tidig 04:01 i natt, hoppa i dusjen, pussa tenner og plukka nyvaska og turre kler av turkestativet.
04:45 låste eg opp bilen, dumpa baggen i bagasjerommet, og fann meg til rette i førarsete. 04:55 drog eg kortet på den lokale Shell-stasjonen, og gjekk der frå med ei flaske blå Farris, ein lunka "luna" og ein kopp svart kaffietterlikning.
Så var det vidare til Os, og rett om bord på ferja.
På andre sida var eg tredje bil ut av båten, men farten var fin, så det var ikkje naudsynt å køyre forbi.
Skydekket over meg byrja sprekke; i det fjerne såg eg sola trenge igjennom, og framføre meg turka vegen opp.
Lufta var framleis kjølig og fuktig etter natta, så motoren fekk i seg oksygenrik luft i mengder, og det var nesten eg eg kunne høyre at den vesle turbomata 2-literen glede seg over optimale blandingsforhold, og omtrent ropa etter å få "strekke på beina"...
Det er då ein veit at ein får ein fin køyretur..
I det varebilane framføre meg byrjar slakke av grunna svingete veg dukkar ein svart BMW 7-serie opp bak med, tett fulgt av ein 5-serie..
Med to svarte BMW-ar bak seg er det berre å byrje å klargjere for å vert forbikøyrd, så eg slapp opp gassen og opna opp ei luke framfø meg.. Og ganske riktig.. Der kom dei fresande forbi.. Inga stygg og hissig forbikøyring som forventa, men derimot rolig og kontrollert, med bruk av blinklys både inn og ut ved feltbyte..
Litt etter litt passerte dei kassebilane, og sidan vegen tillot det la eg meg på hjul.
No var det to svarte BMW-ar og ein SAAB som cruisa fint nedover E39 i hastigheiter noko over kva tillete er, mens radioen veksla mellom Elvis, David Bowie og anna framifrå køyremusikk.. (Og med det sender eg ein stor takk til førre eigar av bilen min for at han betalte ekstra for godt steroanlegg!)
Ved "samanføyinga" av vegane E39 og E134 hamna me sist i ein lenger kø, og for min del var det då til å legge seg i "sekken", sette cruisecontrollen på 65km/h, og slappe av.. Erfaringsmessig svingar dei alle av inn til Statoil sitt anlegg på Kårstø, knappe 2 mil unna.
Og ganske riktig. Med eit var det kun meg og 7-serien igjen, og farten auka på ny..
Farten og flyten var gjamnt over svært bra, og me byrja nærma oss Årsvågen ferjekai med om lag 2 minutt margin på ferja.
Men så var det med eit "bom stopp"..
Heisann,
Et par single damer her som skal ha litt barnefri ferie i sommer. Hvor finner vi dere likesinnede menn?