Ofte føler vi begjær etter attrå etter mennesker, ting og fenomener. Vi ønskjer å tilfredstille vårt begjær. Ha sex med alle dei folka vi ønskjer å ha sex med, få fine biler, dyre sko, meir i lønn, fleire venner, meir beundring frå vår omgangskrets, meir respekt ifrå andre mennesker, ein vakrare kropp, større pupper, tydelegare six-pack etc etc. Lista slutter aldri.
Vi blir aldri fornøgd når vi følgjer vårt begjær. Viss vi held oss til sex så er det jo sjølvsagt heilt greitt å ha sex ofte og med så mange mennesker ein vil. Men viss ein let seg styre av sitt begjær, blir ein aldri fornøgd med sitt sexliv uansett kor mange og kor vakre sexpartnarar ein har. Ein blir heller aldri tilstrekkeleg fornøgd med sin monogame partner. Det er alltid noko som kan bli betre. Partneren kunnee ha blitt vakrare, kulare, stiligare, fått meir i lønn, lytta meir til oss, trena meir, trena mindre, hatt større sexlyst, hatt mindre sexlyst etc etc.
Ein person som er dritlykkeleg og som angiveleg aldri ahr pult er Dali Lama. Makan til fornøgd og harmonisk fyr skal ein leite lenge etter.
Eg er overtydd om at dette er nøkkelen til suksess når det gjeld dating. Spesielt for menn som alltid er overtydd om at roen, harmonien og lykka ligg gøymt inne i den neste vaginaen. Spesielt for kvinner som alltid er overtydd om at roen, harmonien og lykka ligg gøymt i den neste mannen som respekterer dei, har sjølvrespekt, lytter til dei, er monogam frå første sekund, aldri ser på andre kvinner og aldri viser for mykje eller for lite interesse.