Ein høyrer ofte på forumet og elles i verda analyser av mennesker som har hatt sex med mange mennesker. Desse playerene, kvinnelege som mannlege, skal då angivelig vere usikre på seg sjølv, ha eit overdrivent behov for seksuell stadfesting. Vidare har dei kanskje ikkje hatt ein god og varm barndom og dei er ikkje tilstrekkeleg trygge på seg sjølv til å gi i ein langvarig og meiningsfull relasjon. Dette er sikkert rett i mange tilfeller. Mange folk som har seg med mange har eit stort behov for å føle seg tøffe, som menn, som helter, som bad-boys. Dei har denne trongen til å føle at ikkje berre ei, men at fleire kvinner, "gir dei alt."
Så er det store spørsmålet: Står det så mykje betre til med dei som har lyst på forhold og barn ? Kan ein ikkje kjøre ein liknande analyse på dei ?
Mange forholdspersoner har kanskje hatt ein spanande og relativt promiskuøs liv då dei var mellom 20 og 30 år. Så fann dei plutseleg ut at livet som singel var tomt og meiningslaust, og at korte seksuelle relasjoner ikkje gav dei nokon ting, så dei ville gjere noko skikkeleg noko. Dei ville ikkje lenger føle på denne einsemja og denne meiningsløysa, så dei gjekk no inn for å date seriøst. Ting må vere seriøst, elles så var dei ikkje interessert. Dei ville ha ein fast partner, ha eit hus, vakne opp med den same personen og sjølve kronen på verket skulle vere barn. Vi skulle videreføre slekta. Ha kjensla av at genene vår blei vidareført. Vi, vi sjølv, skulle utføre det største mirakel på jord.
Så går dei ei stund. Ein får fast partner. Ein får hus. Ein får Volva. Ein får barn. Så byrjar ein å krangle. Ein blir sjalu. Så lenge ekteskapet varer er båe parter lykkelegare enn tidlegare. Spesielt mannen er lykkelegare, sidan han no har fått seg eit brukbart sosialt liv. (forskninga seier dette). Halvparten av ekteskapa ender likevel i skilsmisse som gjer folk varig mindre lykkelege, spesielt kvinner. Mange av ekteskapa fører til barn. Og når halvparten av ekteksapa går i oppløsning setter dette varige spor i barna. Barna hugser den dagen då foreldra blei skilt. Og kontrollert for alle andre variabler så klarer barn av skilsmisseforeldre seg dårlegare enn barn frå heile familiar.
Kort oppsummert: Det finst normer som seier at ein som 20-åring skal vere fri, pule rundt, vere bad-boy, vere ein Casanova. Og det finst andre normer som seier at "ordentlege" mennesker med "ordentlege" liv får seg ein fast partner, barn, familie og alt det der.