Og kvifor syter folk så mykje ?
Saken er vi er alle ganske store rasshøl. Vi vil ha så mykje vi kan få, og vi vil gi så lite for det som mogleg. Vi vil kanskje ikkje direkte lyge, men ja, det er også det. Viss vi kunne fått eit splitter ny feilfri Ferrari for femti kroner så ville vi sagt ja.
Sånn er også kvinner og slik er sjølvsagt også menn.
Snille gutter drømmer om hotte damer. Hotte, vakre damer som trener og som er koselege og som har lyst på sex og som er flinke til å lage mat. Ingen drømmer om uattraktive kvinner. Og det å ha lite draget på damer betyr ikkje at du er snill. Å ha lite draget på damer betyr berre at du har lite draget på damer.
Endeleg har det gått opp for kvinner at dei også kan vere egoistiske. Dei kan falle for dei mannfolka dei vil. Og det gjer dei også. Dei blir kåt på dei og dei mannfolka og dei velger det eigentleg ikkje sjølv. Dei velger ikkje kven dei blir kåte på, men dei velger kva dei vil gjere med sin kåtskap. Om dei skal gi etter for den eller seie nei til den.
Kvinner går då etter til dels vakre mannfolk og til dels spanande mannfolk. Spanande mannfolk er mannfolk som har personlegdom og som er spanande og uforutsigbare og som ikkje er klengete. Mange mannfolk, særleg dei som sutrer mykje, er veldig klengete og needy. Det er fordi dei treng vagina slik andre treng brød for å overleve. Mannfolk lever ikkje av brød aleine, dei lever også av vagina. Ja, ein del mannfolk gjer det. Difor blir det veldig maktpåliggande for dei å overtale eigarane av desse vaginaene at dei disponerer desse vaginaene feil. Kvinnfolka burde ikkje hatt råderetten over sine vaginaer, men burde i staden tatt ein pause frå dette forferdeleg kjøttmarkedet og heller lese seg opp på moral og etikk og etter dette forhåpentlegvis berre spredd beina for snille, trauste, keisame gutter.
Men nei. Desse snille, trauste og keisame gutane er kanskje trauste og keisame, men dei er ikkje så snille. Dei er grådige. For dei ønskjer intenst at desse kvinnfolka skal fylle det indre tomrommet i deira sjel. Er det snilt ? Er det ikkje mykje meir snilt å ta med jenter på ein motorsykkeltur ut i livets kaos slik at dama når ho går tilbake til sitt trauste A-4 liv kan sjå tilbake på motorsykkelturen og tenke fy faen, det var spanande. Det er godt det skjer noko spanande i livet mitt.
**
Eg har sagt det før og eg seier det igjen. Problemet med kjøttmarkedet og kjærastemarkedet er at det er ein gruppe som er for aktive, og ein gruppe som er