Det gjekk opp eit lys for meg. Etter å ha vore forbanna veldig lenge på at fine nok damer ikkje har tatt kontakt med meg eller ville lyst til å bli med meg ut på date. Og då innsåg eg det. Eg innsåg det medan eg åt godteri for å trøste meg sjølv. Eg innsåg at kanskje det er greitt at eg ikkje er så kjekk. kanskje det er greitt at eg ikkje har sjangs på dei finaste damene. Kanskje det er greitt at ein god del damer rett og slett synes at eg er under deira liga. At eg ikkje er kjekk nok. At eg ikkje har nok hår. Kanskje dette er greitt.
Eg kjem aldri til å bli jævlig god på piano. Og kanskje kjem eg aldri til å ha sex med ei jævlig fin dame heller. Og kanskje det er heilt greitt. Kanskje det går ann å overleve likevel. Kanskje livet likevel har meining.