For omtrent fem år sidan var eg på eit vorspiel. Ein fyr eg då aldri hadde møtt, men som var venn av ein bekjent tilbydde meg to hamburgere som han hadde laga sjølv. Hei, vil du også ha, spurte han meg i forbifarten. Ja, sa eg.
Denne hendinga hugsar eg den dag i dag. Det er noko med når folk gir utan å forvente noko tilbake, at dette gjer eit djupt inntrykk på oss. Denne fyren kjente meg ikkje. Han forventa ingenting tilbake. Han ville ikkje ha mi takksemje, mine penger, min beundring, han ville ikkje ha nokon ting ifrå meg. Slike hendingar skjer ganske sjeldant. Som oftast vil folk alltid ha noko tilbake. Vi er selektive. Vi gir drinker, oppmerksemje, gåver til folk som vi allereie har kontakt med, med folk som vi ønskjer å oppnå noko med. Eg gir deg, og så gir du meg. Eg gir deg drink, kjære hotte dame, og så forplikter du deg til å prate med meg i ti minutt og helst le av mine vittigheiter og så ha sex med meg.
Give to take.
Ein blir veldig sjølvsikker av å gi for å gi. Gi og så berre gå bort. Gi utan å melke den andre for ein eller annan fordelaktig respons.