Med dette ønskjer eg å oppfordra alle menn til å vere meir laid - back og tilbakelente. Guttane bør kanskje invitere litt og halde dørene opne for jentene slik at damene kan storme inn og ta med seg godsakene.
Jentene på si side oppfordrast til å ta meir kontakt, meir initiativ og til å vere meir på. Jentene bør forsyne seg av dei guttane dei vil ha. Invitere dei ut på date. Strø om seg med kompliment. Vere frekke og initiativrike og slå ut håret og skjørtene og i det store og det heile ta på seg den aktive rollen.
Slik kan verda bli ein betre stad.
Vi menn bør atter ein gong tre opp på pidestallen. Treke tilbake årene. Sjå ut over solnedgangen. Lytte til bølgjene. Drikke ein whiskey. Nyte livet og oss sjølv. Havnymfene bør atter hoppe av all kraft opp i robåtane til dei utkåra mannfolka og atter ein gong freiste trollbinde mannfolka med sin song, sin ynde, sitt vidd og sin lekam.
Gjerast dette får vi ein meir harmonisk verd.
Dum spiro spero.