Det store spørsmålet er ofte korleis få seg ein partner. Korleis skal ein oppføre seg for å få ein partner ? Skal ein forandre på seg ? Begynne å trene ? Etc etc.
I mine augo er det viktig at ein er seg sjølv og freister å leve opp til sine eigne verdiar. Ein bør freiste å leve eit spanande og interessant liv i eigne augo.
Eg får av og til inntrykk av at folk freister å gjere ting for å få seg ein kjærast. Til dømast byrje å trene for å bli meir attraktiv for å få seg ein kjærast. Gå med stor utrigning for å få seg ein kjærast. Bli observert saman med andre jenter slik at dei jentene du er interessert i trur at du er populær blant andre jenter slik at dei også då angiveleg skal falle for deg. Få seg kule og trendy klede som er populær blant det motsatte kjønn. Vere morosam og kvikk i replikken.
Eg har prøvd dette og eg trur det fort kan bli litt slitsamt. Viss du liker å gjere desse aktivitetane for sin eigen del bør du absolutt halde fram med å gjere dei, men viss du eigentleg ikkje gjer det så er det kanskje best å berre droppe det. Min innstilling er litt prega av det eg kaller Hobbs Choice: Take it or leave it - haldninga. Eg er som eg er, og eg liker å vise kven eg er så tidleg som mogleg til folk og så kan dei avgjere om dei har lyst å tilbringe tid med meg. Eg gjer elles dette både i vennskapelege settingar og romantiske settingar. Eg synes det er ein haldning som fungerer ganske bra.
Eg tenker at det å vere seg sjølv og det å vere ærleg overfor den andre kan vere ei gåve til den andre parten. Den andre parten er kanskje ikkje tiltrekt av deg, men han/ho vil uansett sette pris på din ærlegdom og rettframheit.
Så viss du er ein person som liker å sjå på fjernsyn, ete potetgull og spele playstation så er det kanskje best om du kommuniserer dette ganske kjapt til den personen du har på date. På den måten veit personen kven du er, og du vil utan tvil bli sett på som ein ærleg og modig person. Mitt inntrykk er at jenter sett pris på modige gutter. Å vere modig er skikkeleg turn-on. Strengt talt synes eg også at modige jenter også er veldig turn-on.
Det same tenker eg om alt. Lese bøker, trene, ha utdanning, høgde. Alt. Det er så mykje meir praktisk å berre vere ærleg. Gjer dei tinga du sett pris på i livet og så finn du ein partner som sett pris på deg for den du er.
NÅR SKAL EIN FORANDRE SEG ?
Eg synes den einaste grunnen til at du skal forandre deg er viss du føler at dette vil gjere livet ditt betre. Viss du er missnøg