Hei,
dette er tenkt å vere ein litt positiv tråd. Eller iallefall ein konstruktiv tråd.
Eg ser at nokon inne her og Preben Møller liker å fokusere på "kven ein har sjangs på" og plassering i hierarkiet og biologisk verdi etc etc. Alt dette basserer seg på at datingscenen er eit marked der nokon har meir penger enn andre og følgjeleg kan få seg ein betre vare enn dei som har mindre penger. I praksis innebærer det at unge damer har fleire moglegheiter enn eldre damer når det gjeld kven dei vil date. Og for menns del at relativt kjekke menn med god økonomi og god jobb har fleire moglegheiter enn mindre kjekke menn med dårlegare økonomi og mindre prestisjetung jobb.
Dette er sikkert sant, men det er ein destruktiv måte å sjå ting på. Denne måten å tenke på gjer at folk føler seg dårleg med seg sjølv. Eg får iallefall dårlige kjensler når eg tenker slik. Og når ulike debattanter skriv om dette føler mange seg ofte tråkka på har eg merka meg.
Det eg vil foreslå er at folk tiltrekkast av partnarar som liknar på dei sjølv. Like barn leikar best.
Jenter som har lang utdanning vil gjerne ha menn med lang utdanning. Ved å plukke ut slike menn får ho ein mann som har like verdiar som ho sjølv, som har liknande interesser og som prater litt på den same halvakademiske måten og som også resonnerer på same måten. Sikkert også praktisk viss dei skal få barn saman.
Litt det same tenker eg med alder. Ein mann på 50 tenker heilt annleis enn ei jente på 22 år. Ja, kanskje han har hengemage og kanskje han er skalla og kanskje han har mange rynker, men kanskje er dette ikkje det einaste sentrale. Kanskje det også er sentralt med felles interesser, felles erfaringsverden, felles verdiar og felles stad i livet. Livet fortoner seg heilt annleis når du er 22 år enn når du er 50 år.
Så ja. Dette burde folk fokusere på når dei flørter med andre folk og sender meldinger. Liknar den andre personen på deg. Har dykk noko å prate om bortsett frå at dykk liker kvarandre og kanskje er interessert i å gå til sengs med kvarandre ? Viss folk hadde stilt seg det spørsmålet trur eg mange færre hadde blitt skuffa og bitre.
Dette gjeld kanskje spesielt menn. Eg er mann sjølv og sender ut mail til mange vakre jenter som eg ikkje veit noko om. Eg har ein utfyllande profil som gjer at damene kan vite noko om meg sjølv om eg ikkje veit noko om damene (sidan dei ikkje skriv noko om seg sjølv). På den måten håper eg at dei damene eg kan ha kjemi med, svarer på mine mail, m