Eg har vore inne på sukker lenge. Eg har hatt mine oppturer og nedturer. Inntil for eit halvt år sidan var eg mest ute etter sex. Det var relativt enkelt. Det var ikkje nødvendigvis enkelt å få sex, men det var ein enkel og grei innstilling å ha. Eg prøvde å få jenta til seng relativt kjapt. Enten greidde eg det eller så greidde eg det ikkje. Ingen blei såra trur eg. Men det gav veldig lite. Det var ein enkel, lettvint, billig og kortvarig glede.
No i det siste har eg tenkt at eg har lyst på ein kjærast. Jenter som er interesserte finst. Men eit spørsmål som dukker opp er. Skal eg date mange av gongen? Skal eg flørte med mange jenter av gongen? Ein del av meg har lyst til å halde meg til ei jente. Gi det ein sjanse. Kanskje prøve å få til ein forelskelse. Men ein annan del av meg synes dette er farleg. For kva om eg satser på ei jente, medan jente held på å flyg rundt med alle moglege slags gutter. Då blir jo eg sittande igjen med skjegget i postkassa som ein annan jomfru maria. Den dydige snille tøffelhelten som hadde lyst på kjærast.
Det verker som om svært mange jenter held på med mange menn samtidig. Har du litt flaks dater ho deg først. Har du litt uflaks dater ho den andre først.
Så kva skal ein gjere? vere kynisk og date mange samtidig sånn at ein ikkje blir for betatt av ei dame for fort? Eller date ei jente, flørte med ei jente på sukker og så risikere at ein blir rævpult av ei kynisk dame som speler på mange hester samtidig?