Ei melding - ein "tråd" her inne, fekk meg på følgjande tankar:
og eg siterer ordrett - tittelen på tråden var noko slikt som "hva skal jeg ha på meg, jeg skal treffe noen i morgen".
(Og EG tenkte, min første intuisjon - my God - er du mann eller kvinne?)D med "kjole" fekk meg på gli -
My God -
Det feminine - kontra det maskuline.
Som alle "fordrar" - andre "nektar" - men som "alle" likevel samtykkjar i.
Ein tråd her inne - eg hugsar ikkje heilt (siste døgnet; kanskje går den enno) - men kvinna gjorde seg "attraktiv" ved at ho "lente seg over kopimaskina", og let hennar betre halvdel kome til sin rett.. Ja. Det er sant. Det er som i ein erkekonservativ pornofilm. Og eg er ingen gledesdrepar!
Kor mange av desse forumtrådane har ikkje handla om nettopp "kvinne-,mann"-"problematikken".
Utfordringa. Eller kva vi no skal kalle det.
Skilnadane mellom kvinner og menn.
Nokre vil ha det slik - og fortel at "alt" er likt.
Andre fortel det motsatte - at "alt" er ulikt.
Du verda, kor predestinerte vi er.
Og kor TRIST eg tykkjer at det ER slik.
Men å riste av oss tradisjon, innarbeidd konservatisme (gjennom århundrer) - freiste tilegne oss særs nye tonar mot det såkalla "mannssjåvinistiske" samfunnet - ja, det er sanneleg ikkje enkelt å halde tunga beint i munnen.
Sjølv er eg utruleg gamaldags.
Konservativ.
Reaksjonær.
Eg var 24 år - ei dame spurde meg om eg ville ha ei øl.
"Går det an, då?" var min umiddelbare respons; inga kvinne hadde til no i livet mitt gjeve meg noko. Gratis.
Vi vart sjølvsagt gift.
Sidan har dette fulgt meg.
Eg les om "byttedyr" (milde himmel, kor ufatteleg primitivt denne "lowry" er - sjølv om vedkomande (eg anar jo ikkje om dette eksemplaret av menneskeslekta er "mann eller kvinne"; alltid anonym - som var han/ho på veg over elva Styx, eller kanskje komen lenger enn det...) -
eg registrerer "kvinnesak" i dei fleste av meldingane her inne; kort sagt - desillusjonen breier seg over meg som dyna når eg legg meg...
Kva med litt openheit?
Kva med litt: Her er eg, kvar er du?
Kva med å sleppe litt på alle fasader, staffasjer,
Kva med å seie -
hei.
eg er K
du er L
Lat oss gå vidare...
Det er aldri for seint å tru på noko.
I alle fall ikkje i desember