Sjølv sit eg i glashus når det gjeld norske dates; bur i utlandet og har ikkje truffe ei "Sukkerdame" på lenge, lenge! Likevel - eg har ufyseleg lang røynsle (erfaring :-)) med nettdating, og har truffe veldig mange både i heimlandet og her eg bur no. Men like lite som fingeravtrykka mine er generelle, er mine erfaringar (røynsler :-)) signifikante statistisk sett!
Dog.
Spørsmålet mitt er:
Kor mange har de truffe?
Og vidare:
a. korleis er antalet i forhold til dei de har "brevveksla med"?
b. korleis har forventningane blitt innfridde?
c. kva "lærdomar" har de trukke ut - og tatt med dykk vidare?
d. For vidarekomne: Har innstillinga til nettdating endra seg?
Køyr debatt!!