I eit til meg å vere svært uvanleg og overraskande anfall av paranoia, slo ein tanke ned i meg (også DET nokså uventa) i stad.
Svært mange har både her (på/i Forumet) og utallege andre stader, gjeve til beste djupe hjartesukk over kor umåteleg vanskeleg det er å finne ein kjæraste.
Særleg desillusjonerande er det jo, at vi/ein heller ikkje finn nokon på internett - når så mykje vert lagt til rette for at nett VI skal finne den rette; dette til dømes i form av sinnrike og (vonleg) innvikla match-algoritmer - som skal skilje klinten frå hveten - just for you!
Tenk om matchprosenten berre er eit falsum? Tenk om ei av dei viktigaste innebygde kriteria i dette matchsystemet er å freiste matche folk som OVERHODET ikkje høver saman? Sukker (og andre nettstader) skal jo tene pengar - og vil sjølvsagt gjerne ha oss som medlemer så lenge som mogleg! :-)
Vel.
Imidlertid - og meir seriøst - det er ikkje automatikk i at du skal finne det ultimate kjæresteemnet i matchskalaen 90-100. Eg har truffe mange - og har fått mange veninner. Vi har felles referansar, vi har mykje likt tankegods, felles interesser, verdisyn etc, etc - det er ei årsak til at vi oppnår slik score!
Men så opplever i alle fall eg at vi ofte vert "for like". Kva kan gjerast med dette? Er det i det heile tatt mogleg å "rekne ut" korleis akkurat din/min drøymekjæraste er?
Nuvel. Køyr debatt!