Ja, så opplever eg det på nytt.
Ei dame (eg har truffe henne før - vi har ein grei relasjon - kanskje kan det verkeleg BLI noko) melde meg i forgårs og foreslo kino først og dans etterpå. I kveld.
Supert! Eg gleda meg - ho er ein fargeklatt på fleire måtar.
I går melde ho at ho var småsjuk; ho skulle imidlertid ringe meg i dag og fortelje korleis "stoda er".
Filmen vi hadde sett oss ut (eller: HO hadde sett ut - greit for meg!) starta klokka 20.
Halv åtte ringer ho.
Om eg er klar?
Vel. Frå her eg bur, er det tre kvarter til kinosalen, så dette var ikkje så enkelt.
Men - diplomat som eg jo alltid freistar vere - foreslo eg at vi kunne møtast etterpå?
Nei, på kino åleine ville ho ikkje gå, då kunne ho heller be med seg ein nabo.
Greit! Gjer det - så kan vi møtast etterpå!
Seier eg.
Nja - det visst ho ikkje heilt. :-)
Eg fekk fortalt henne at eg jo hadde satt av kvelden, så for meg var dette ein absolutt nedtur, men dette vart ikkje registrert.
(som mange veit, bur eg i Berlin - og dette er ei tysk dame - så kanskje ho ikkje heilt forstod kva eg sa :-))
Nok om det.
Eg har ikkje TAL på kor mange gonger eg har satt av kveldar, satt av tidspunkt - ikkje berre til date-føremål - men til andre saker. Og kor ofte hender det ikkje at folk enten uteblir, eller kjem for seint? Utan å ta seg tid til å melde ifrå!
Eg forstår ikkje slike menneskje.
Og vil eigentleg ikkje forstå dei, heller!!!
Nåja.
Men kva seier folket?
Er ein avtale ein avtale ein avtale ein avtale?
Og korleis er det skikk og bruk å oppføre seg i slike samanhengar?
Køyr debatt!!
Seier
ein - trass alt -
særs nøgd halvthundreåring i Berlin :-)