Har de opplevd dette scenariet, folkens?
"De har truffe ei dame/ein mann. Likevel får du meldingar frå andre på nettportalen de "fann kvarandre i" - og kvar gong du er innom for å svare (til dømes vil du gledesstrålande fortelje at du har funne han/henne), ser du at den andre er online. For meg er det ikkje noko problem - men så kjem meldinga: "Kva i all verda gjer du online? Søkjer du ein annan, eller?"
Du freistar - med logikk og fornuft som våpen - å fortelje sanninga (sjølv svarar eg på alle meldingar - har til og med meldt meg på med svargaranti på denne nettstaden). Deretter må det jo også vere tillatt å spørje: Og kvifor er DU der, då?
Deretter har alt gått i vranglås.
Sjalusi er ein frykteleg sjukdom! Ja, for det ER ein sjukdom.
Nåja.
Kva meiner d'herrer og ditto fruer om dilemmaet?