Ein kan like det eller ikkje; men profilbiletet dannar førsteinntrykket her inne som overalt elles - og er triggeren som avgjer om ein "går vidare eller ikkje". Gudskjelov har vi ulike preferansar når det gjeld kva vi oppfattar som pent og ikkje; gudskjelov finn ein eller annan noko vakkert i eit blikk, i eit uttrykk, i eit smil - også "ditt og mitt"!
Nokre biletlause hevdar (kanskje med rette, eg veit ikkje) at dei er så "kjende" at dei foretrekk å vere anonyme. Andre seier at det er for å unngå at ungane skal "surfe seg inn" og finne dei der.
Til begge desse argumenta kan det svarast nokså enkelt: Vi er alle i same båt!
I starten av "nettdate-karriera" mi, var eg umåteleg nyfiken og klikka inn både her og der; også på dei ansiktslause. Og eg har - som HaraldBK også har erfart - i etterkant fått tilsendt bilete som diverre ikkje har fenga meg. Då har eg kjapt konstruert ei kvit lygn; trass i alt er det jo det såraste, det kjæraste, det skjerraste av alt vi legg ut her: Oss sjølve!
Tykkjer også det er strålande at folk også har fleire bilete i profilen; bilete som også viser andre uttrykk enn store smil frå øyre til øyre!
For tida bur eg i Tyskland - er berre innom Sukker for å helse på gamle vener, for å halde kontakta med Fedrelandet - og for å skrive (ny)norsk!
På profilen til ei tysk kvinne (ja, tru det eller ei - dei har nettdateportalar her også :-)), fann eg følgjande utsagn:
Die Erfahrung sagt mir, dass es mehrfach "klicken" muss:
1. Nach einer hundertstel Sekunde, wenn man einander sieht
2. Nach einer Minute, wenn man die Stimme des Anderen gehört hat
3. Nach wenigen Minuten, wenn man die Mimik/Gestik seines Gegenüber wahrgenommen hat
4. Nach ca. einer Stunde, wenn man einen Einblick in die Gedankenwelt/den Humor des Anderen hat
5. Nach einer unbestimmten Zeit, wenn man den Anderen berührt/berührt wird
...
6. Nach noch längerer Zeit, wenn die frische Verliebtheit der Gewohnheit gewichen ist und man immer noch vom Anderen fasziniert ist
Hm, mal sehen, ob und wie oft es "klicken" wird.
Dette for å minne alle på kor viktig det er å møte kvarandre fort, fort, fort!
Lukke til, folkens! Og treng de oversetjing - stiller eg gjerne opp. Gratis, naturlegvis :-)