(Jadda. Det er sikker to-og-nittiande tråd om akkurat dette. Så får vere.)
Eg fekk nett melding om at profilbilete mitt vart avvist då eg visstnok vrir hovudet mitt for mykje til sida.
Men kvar går egentlig grensa for kva som er "feil orientering"?
Ein ser begge auga mine. (Det vil seie: Det høgre er delvis dekka av ein skugge..)
Ein ser at eg har smilerynker både på høgre og venstre side av hovudet.
Og ein ser kring halve kjaken min på høgre side. (Heile, og vel så det på venstre side...)
Kva definerar "korrekt orientering"? Må øyra vere synlige på begge sider av hovudet?
Eller skal nasa vere dønn i midten av den avbilda ansiksflata?
Det er fleire døme (her på forumet, sådan) av godkjende profilbilete der den avbilda er mindre "orientert" enn kva eg var på det aktuelle bilete, men likevel godkjent. (Nemnast skal ingen såfremt vedkommande ikkje stikk trynet inn i tråden her. [Bokstavelig talt.])
Det var dagens 3. rant.
Klarar eg to til før dagen er omme?
(Eg ser for meg dårlig mat på restauranten og støyande naboar på hotellet som dei to mest potensiell rante-årsakene.)