Hadde eit kjapt besøk av ein kompis som heiter Erik her på morgonkvisten og me sat attmed kjøkkenbordet og tok ein kaffikopp. Yngstemann på seks år er litt treg å stå opp om morgonen og kom tuslende ned i trusa og godt hold i kosedyna hvorpå Erik muntert sa: "Er dette noko tid å stå opp på, unge mann?" Minstemann ser på han og spør: " Ka du heite då?" -"Erik." Og utan så mykje som eit lite sekunds nøling kom det frå minstemann: " Det må no vare Gamle-Erik då iallefall!" Må innrømme at eg vart stum, men flire f... så godt no. Og det gjer nok han Gamle-Erik og. :)