lyrikk frå under beltestaden!
No sitter eg her og tenkjer på dei(g).
Eg undrast no berre, kvifor du var so feig?
Eg spelte jo på alle strengar eg hadde.
Og du var på looks, rett forbi meg du bladde!
Eg sendte deg kjærleik, i lyrisk drakt.
Kva fekk eg tilbake, jau rein forakt!
Eg la ut om alt det kjekke eg gjorde.
Men du såg på meg som ei mannehore!
Eg sende deg hjarte, i grønt gult og raudt.
Eg trur nok du tenkte, han der er for blaut!
Då sprakk det for meg og eg kalte deg tøs.
Eg blei steikje galen, blei svartsjuk og bøs.
Med eder og galle, eg tok meg deg føre.
Ja det her blei jo litt av ei føkkings røre.
Endeleg skreik eg, ditt hespetre!
Eg håper du fell, og brekk armar og kne.
Eg skreik og eg bar meg, eg skjelte deg ut.
Men blei nok foundra, då du heitte Knut!
Ja sånn kan det gå. Vonar dykk søv godt i natt. Peace and løøøv!!