Eller sjølvskryt. Dåkke får dømme sjølv. Men eg tykkjer denne er verdt å dele. Ja den handlar og vekt og livsstilsendring. Men fleire kan kanskje bli inspirert.
Eg har etter årevis med overvekt vore plaga med søvnforstyrrelser. Dei siste to åra har eg sove med pustemaske. Jepp c-pap. Ganske enkelt fordi eg fekk søvnapne. Hadde pustestopp som varte i 1 til 2 minutter, godt og vel 25 - 30 gonger pr natt (viste testane). Då eg fekk denne maska hadde eg skyhøgt blodtrykk. Søvnkvaliteten var so låg at eg nesten ikkje var i stand til å køyre bil dei verste dagane (sovna/ fell vekk når eg evt køyrde).
Vel eg har jo posta fleire "eg har gått ned i vekt" historier her den siste tida. Til forargelse for noken, til eeehhhh kanskje nytte for andre. Det har tatt ca 2 år å komme der eg er no (men skal ned 5 - 10 kg til...men drit i det 😃).
Det eg ville sei med dette er at eg dei siste nettene har sove utan c-pap, satt telefonen på opptak. Og overraskande nok so hverken snorker eg eller får pustestopp lenger. Og er nok heilt overtydd om at dette har med vektnedgong og betre helseaspekter å gjere.
Som sagt tidlegare, eg mangler litt filter på kva eg legg ut, men tykkjer dette er viktig nok til å formidle det offentleg. Med håp om å inspirere andre! Om nokon treng nokre råd mtp metode og "pedagogikken" med opplegget mitt, så er det berre å spørje.