Var på jobb i dag og fekk eit spørsmål. To gutta på 5år og ei jente på 6år, lurte på kvifor eg ikkje hadde kjæreste.
Eg svarte at eg måtte jo finne ho først, ein av guttane sa da kjapt at det er jo enkelt. Jenta lurte på kas kjæreste eg ville ha. Eg spurte då kva dei syns kjæresten min måtte kunne.
Oppskrifta var ganske enkel, dei ramsa opp: Ho måtte vere flink å kysse, Ho måtte vere flink å fikse meg på håret, Ho måtte vere knallgod å bygge Lego, Ho måtte ha ein gul "RASARBIL" (For gult er kult) og viss ho var ein ninja så var det ganske tøft og.
Så har eg hatt feil fokus alle disse åra?
Er du der ute min drømmekvinne? Min rasarbilkjørande ninja frisør?