Freud skal ha sagt følgjande som 13-åring: "Dei verste egoistane er mennesker som ikkje veit at dei er egoister."
Dette sitatet er av og til relevant når eg les trådande i dette forumet før dette forumet blei heilt tannlaust og fjasete. Då handla trådane om at folk uttrykte sinne og frustrasjon over det motsatte kjønn. Mannfolka uttrykte sinne overfor jentene som ikkje svarte dei, og viss dei først svarte så aksepterte jentene som oftast ikkje invitasjonen ut på ein date. Og jentene uttrykte frustrasjon over mennene som enten berre var ute etter sex eller som var utålmodige og sosialt handikappa.
Det eg tenker er at alle dei som er her på sukker har det til felles at dei ønskjer noko. Nokon ønskjer sex, andre ønskjer forhold, nokon ønskjer venn og atter andre ønskjer berre å slå ihjel tida på ein nokonlunde underhaldande måte. Men alle er her for å få utløp for sine egoistiske behov. Dei som starter tråder på dette forumet gjer dette av egoistiske behov og dei som anklager andre på dette forumet for å skrive for mange innlegg gjer også dette utifrå egoistiske behov. Følgjeleg har det svært lite for seg at nokon anklager andre for å vere egoistiske og teite.
Det som kanskje kan vere eit meir relevant og mindre fordomsfullt spørsmål å stille seg sjølv og andre er: Det som ein trur ein vil ha (forhold, sex, sex med mange folk, trekant etc etc), vil det verkeleg løyse det ubehaget ein føler inne i seg ?
Så poenget med denne tråden var: Alle ønskjer vi å få utløp for våre narsistiske behov for tryggheit, kjærleik og beundring. Vi ønskjer å beundre vår partner og vi ønskjer å bli beundra av vår partner. Der er vi alle lik. Forskjellen er at nokon føler at dette best kan oppnås gjennom ein fast partner, medan andre føler dette best kan oppnås gjennom fleire partnarar og gjennom kortvarige relasjoner. Nokon føler at dei best kan oppnå tilfredstillelse gjennom å finne ein partner/partnere med eit vakkert ytre, medan andre tenker seg at det viktigaste er lang utdanning, ein stor venneflokk, store musklar, store pupper eller kva det no enn skal vere.
Innlegget held fram.